HavGlede 2021
Snorkling i Øksnes friluftsområde
Søndag 25.07
HavGlede 2021 startar i Øksnes friluftsområde med snorkling for dei i alderen 8 - 12 år.
Thomas og Aleksander Rikstad tar snorklarane med på ei vandring i livet i fjøra.
Kan det vera dei fin ein skatt i sanden ?
15. plassar
Påmelding til havglede@gmail.com
Familiedagar i Årvika friluftsområde
Fredag 30.07- søndag 1.08
Som i 2020 samarbeider HavGlede med Austrheim IL - padlegruppe om ein padlehelg i Årvika friluftsområdet.
Desse dagane er for alle uansett alder og funksjonsnivå.
Mat og drikke - Hege Ramsland har med seg blingsar, bakverk, brus og kaffi.
Ungdomsklubb på Mastrevik kai
Tysdag 3.8
Austrheim ungdomsklubb er på Mastrevik kai med aktivitet og grillling frå 17.00-21.00

Fiskekonkurranse for heile familien
Onsdag 4.8
Onsdag vert det arrangert fiskekonkurranse under HavGlede. Dette er ein aktivitet for heile familien. Du kan stå på land eller dra ut i båt for å få fisk. Du får 2,5 time på deg til å få tak i den største eller minste fisken, mest fisk til saman og det raraste du får på kroken. Registering Mastrevik kai kl. 17.00-17.30.
Friskus båttur
Torsdag 5.8
Det vert tur til Fedje med Friskusane. Vi prøver oss på tur til Dagsturhytta og så vert det ein matbit etterpå. Meir info kjem..
Familiedagar på Mastrevik kai
Fredag 6.8 - søndag 8.8
Prøv kajakk, SUP og kano. Du kan hoppe på trampoline og springe i hamsterhjul på sjøen. Du kan klatre i hoppetårnet og balansere i hinderløypen. Du kan bli skutt ut over sjøen med katapulten og henge bak en båt i tube. Dei minste kan grava i sandkassa og plaska i svømmebasseng som bere er for dei. Alle aktivitetar er GRATIS.
Vi har ein ny aktivitet i år, vannballar som du kan gå/løpe inni.

Sal av mat og drikke i Kafé med Hege Ramsland, men om du vil låne ein grill så har vi det og.