Fiskekonkurranse
Onsdag 5.8


Stad: Mastrevik kai
Påmelding kl. 17.00 - 17.30
Fisking kl. 17.30 - 20.00
Grilling av kamskjel kl. 20.00-20.30
Kåring av vinnarane: kl. 20.30

Fiskekonkurranse for heile familien

Onsdag vert det arrangert fiskekonkurranse under HavGlede. Dette er ein aktivitet for heile familien. Du kan stå på land eller dra ut i båt for å få fisk. Du får to og en halv time på deg til å få tak i den største eller minste fisken og mest fisk til saman. I tillegg har vi ein eigen kategori for det raraste du får på kroken. Dommarane for fiskekonkurransen er Neptun seniorklubb. 


Kåring i tre aldersgrupper: BARN (0-12 år), UNGDOM (13-18 år) & VAKSNE

Det vert delt ut fire premiar i kvar aldersgruppe:

          Største fisk  -  Minste fisk  -  Mest fisk til saman  -  Raraste på kroken   

Premiane er sponsa av Skruen på Mastrevik torg.