Familiedag på Mastrevik kai 
HavGlede

Austrheim ungdomsklubb og Nordhordland dykkerklubb arrangerer familiedag på Mastrevik kai 
8.-9. august kl. 12-18

Ta turen ned på Mastrevik kai. Du kan låne kajakkar, kano og stand up padleboard gratis. Du kan hoppe på vasstrampoline, verte skutt ut i sjøen av katapulten vår, springe i hamsterhjul på sjøen, prøve det nye hoppetårnet vårt og den nye hinderløypa. 


All aktivitet er på eige ansvar. Nordhordland Røde Kors er til stades, det er båt som følgjer med på aktivitetane på sjøen,  og ungdommar som er kursa i førstehjelp.

Ta med redningsvest og våtdrakt. Vi har nokre redningsvestar og våtdrakter som du kan låne, men kan ikkje garantere at vi har nok til alle.

For dei minste har vi sandstrand, små basseng, basseng med radiostyrte båtar og eit basseng med rutsjebane på. Eliasbåten og RS Utvær kjem. Tur med Elias og omvisning på Utvær.

Det er tilrettelagt med telt med bord og stolar i, om vêret ikkje er kjempestrålande.

Parkering - parker ved Austrheim vidaregåande skule. Det vert merka med
HavGlede P der du kan parkere.

I år blir det kafé med Hege Ramsland - det blir sal av hot-dog, hamburgar, brus, is og ein del bakevarer. Meny vert lagt ut når det nærmar seg.

Som i fjor blir det sett ut grillar slik at du kan grille medbrakt mat om du ønskjer det.


Fisketur  - det blir fisketur med Nordhordland dykkerklub kl:  13.30.

Påmelding til Anita Soltveit på SMS: 47480209

Nytt i år

Klatretårn med hinderløype og vannsklie for dei minste.