Familiedag i Årvika med fokus på kajakkpadling
fredag 31.07 - søndag02.08

                      Padlecamp i Årvika friluftsområde

I år har HavGlede gleda av å samarbeide med Austrheim idrettslag - padlegruppe og Kvernbit Kajakk om ein padlecamp. Det vil seie 3 dagar med kajakkpadling med ulike nivå på aktivitetane.

Familiedag i Årvika friluftsområde med fokus på kajakkpadling. 

Fredag 31.07 kl. 12.00 - 18.00


Kom og test ein kajakk. Her kan alle komme og prøve seg i ein kajakk. Vi har gode instruktørar som er flinke med barn og med dei som treng tilrettelagt aktivitet.

Denne dagen er for alle uansett aldar og funksjonsnivå.

I tillegg til kajakk kan du prøve kano, sup-brett og windsurfing med Bjarte Næss.


Familiedag i Årvika friluftsområde med introkurs i kajakkpadling

Laurdag 1.8 - kl. 12.00 - 18.00


Ny open dag for alle til å prøve kajakk, kano, sup-brett og windsurfing med Bjarte Næss.

Kvernbit Kajakk er på plass og har aktivitetar for dei som treng tilrettelagt aktivitet eller berre vil teste ut om det å padle kajakk er noko for dei.

INTROKURS KAJAKKPADLING

Laurdag kl. 10.00

Kajakk kurset går igjennom dette:

  • Løfte, bere og sjøsette kajakk
  • Padle framover med rett kurs
  • Stoppe
  • Padle bakover
  • Gå rundt og komme seg elegant ut av kajakken i sjøen

Austrheim IL padlegruppe har introkurs i kajakkpadling.
Start kl. 10.00 i Årvika friluftsområdet.

Gjennom kurset vert du introdusert til kajakken og utstyret. Du lærer å bruke kajakk, åre, trekk og vest. 

Slutt mellom kl. 14-15.

Pris 800,- . 

Du kan få låne kajakk, vest og trekk.

Ta med matpakke eller grillmat til lunsj. Det er gassgrillar til låns.

Påmelding: havglede@gmail.com

  • Gå i land
  • Sittestilling og god padleteknikk
  • Innføring i korleis ein kan auke tryggleiken ved padling
  • Kjennskap til lokale padleforhold

Søndag 02.08 kl. 12.00 - 18.00

Familiedag i Årvika friluftsområde og padletur.

Siste dag av padlecampen og ny sjanse til å teste ut kajakk, sup-brett og kano.

Kvernbit Kajakk held fram med aktivitetar for dei som treng tilrettelagt aktivitet eller berre vil teste ut om det å padle kajakk er noko for dei.

Austrheim IL padlegruppe drar på padletur med dei som ønskjer ein guida tur frå Årvika. Start kl. 10.00. Du kan få låne kajakk, vest og trekk.

Påmelding tur: havglede@gmail.com


All aktivitet er på eige ansvar. Nordhordland Røde Kors er til stades, det er båt som følgjer med på aktivitetane på sjøen, og ungdommar som er kursa i førstehjelp.

Ta med redningsvest og våtdrakt. Vi har nokre redningsvestar og våtdrakter som du kan låne, men kan ikkje garantere at vi har nok til alle.

 Ingen aktivitet utan redningsvest.


I Årvika friluftsområde kan du spele frisbeegolf, og gå tur til Vardetangen - Noregs vestlegaste fastlandspunkt.

I Årvika friluftsområde er det frisbeear du kan låne.

Overnatting

Det er moglegheit for overnatting i telt i Årvika friluftsområde for dei som ønskjer dette. Det er toalettfasilitetar i Årvika. Ikkje tilgang til ferskvatn.

 Årvika friluftsområde & parkering